Hornindal kommune

Brannkonstabel - Hornindal brannvesen

Brannkonstabel - deltid


  

Frå snarast har Hornindal brannvesen ledig stilling som brannkonstabel, i 0,62% stilling.

Brannvesenet er organisert som deltidsbrannvesen, med 16 tilsette. Av desse 4 befal og 12 konstablar. Vedkomande vil inngå i beredskapsstyrken til brannvesenet, og vi søkjer etter ein person med gode kvalifikasjonar og interesse for brann- og beredskapsarbeid. Lovpålagt utdanning må gjennomførast dersom vedkomande manglar dette.

Kvalifikasjonskrav:

  • Må vere fysisk og psykisk skikka for tenesta
  • Må kunne dokumentere tilfredsstillande helse- og politiattest av nyare dato
  • Må ha gjennomført førstegongstenesta
  • Må ha fast bustadadresse i Hornindal kommune (kortare avstand enn 5 km frå brannstasjonen)
  • Må ha relevant utdanning og praksis. Følgjande kvalifikasjonar vert vektlagt:
    • Godkjent grunnutdanning som brannkonstabel
    • Førarkort for tyngre køyrety
    • Utrykkingsbevis
    • Røykdykkarkurs, hjartestartarkurs, førstehjelpskurs m.fl.
    • Yrkesfagleg utdanning og praksis, gjerne fagbrev
  • Personar som manglar lovpålagt utdanning må vere villig til å gjennomføre slik utdanning. (Den som blir tilsett må forplikte seg til å gjennomføre utdanning i samsvar med Hornindal brannvesen sin opplærings- og utdanningsplan. Jf. Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen.)

Tilsetjing etter vanlege kommunale lønns- og arbeidsvilkår.

For meir opplysningar om stillinga kan ein kontakte: Brannsjef Ståle Hatlelid, tlf. 57 87 98 23/ 915 66 944

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema ved søknad på stillinga. 

 

 

Del på:
Fylke:
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
26.03.2019
Arbeidsstad:
Hornindal brannvesen
Kontaktpersonar:
Ståle Hatlelid
tlf: +47 57879823
mob: +47 91566944

Tilbake til toppen